Foto: Audun Heskestad/ Samlaget
Alle avisene skriv no om at Karl Ove Knausgård fekk Brageprisen for den første boka i sin sekstett (heiter det det? Kva heiter det når det er seks bøker? Sexologi?) og nemner kanskje at Kjetil Østlie også fekk pris i kategorien sakprosa. Men den viktigaste for meg er Maria Parr som fekk prisen for den fine, fine barneboka Tonje Glimmerdal, som eg elskar og vil råde alle til å lese - små barn, som vaksne barn.
Det irriterer meg, som vanleg, at media er så innskrenka at dei berre fokuserer på det som har anteke interesse for vaksne lesarar/ lyttarar når dei fortel om pristildelingar/ melder bøker/ kjem med forfattarintervju. Dei gløymer at veldig mange vaksne lesarar har barn i sin nære omkrins som dei burde gi god litteratur til. Det er eit merkeleg fenomen, og det er latterleg kor stor innflyting media har på kven som blir lesne i dette landet. No har endåtil gamle tante Ruth høyrt om Karl Ove Knausgård og hans prosjekt, og eg seier ikkje at det er dumt i seg sjølv, men det seier veldig mykje om det massive fokuset som har vore han til del på kostnad av alle dei andre gode bøkene som er komne denne hausten. Det verkar som at media berre klarer å ha ein tanke i hovudet i gongen.
Alt dette Knausgård-fokuset har for min del ført til at eg er lei før eg har lese noko av han. Og det er jo synd, og ikkje Knausgård sin feil, sjølvsagt. Han har jo berre byrja på eit halsbrekkande og kritikarrost prosjekt.
Men tilbake til Maria Parr. Ho var faktisk nominert til prisen for andre gong i år, ho var også nominert då ho debuterte med barneboka Vaffelhjarte, som ligg på salongbordet mitt i denne stund. Ho er ein flott forfattar og eit flott menneske, og eg håper verkeleg ho fortset å skrive fine, gode bøker for barn i alle aldrar (og gjerne vaksne, òg, om ho har lyst til det), i tradisjonen etter Astrid Lindgren.
Kjøp og legg på nattbordet og under juletreet, folkens! Merk dykk dette namnet: Maria Parr!
21. november 2009
13. november 2009
Fire-fem sprett og i lufta
Bror min i eit jagarfly
Plutseleg ein dag kom høgdeskrekken. Etter å ha vore ei regelrett klatremus i yngre år, kunne eg brått ikkje bevege meg meir enn to meter over bakken utan å få skjelven. Likevel finn eg meg sjølv i eit ørlite sjøfly, taksande ut av småbåthamna på Giske ein vakker haustdag i oktober. Korleis har dette gått til?
Første gongen eg merka det var i Eiffeltårnet. Då vi gjekk oppover trappene til restaurantnivået byrja eg å skjelve i knea. Ein kunne nemleg sjå ned mellom trappetrinna, på dei som kom under, og på bakken under dei igjen, som blei stadig fjernare. Då vi kom opp måtte eg legge inn årene. Ikkje tale om at eg tok heisa heilt opp i toppen, uansett kor flott utsikt det var der.
Men trass i denne skrekken for å dette ned frå store høgder sit eg no i eit lite sjøfly med lauvtynne, samanleggberre venger, iført redningsvest og høyretelefonar, og høyrer bror min rope opp flytårnet på Vigra for å få tillating til å lette. Tårnet svarer positivt, standardfrasar blir utveksla og bror min set opp farta. Når vi lettar kan det humpe litt, seier han og etter ei fire-fem sprett på sjøen er vi i lufta.
Det er ein fantastisk dag. Dei blå sunnmørsalpane har kvite toppar, fjorden glitrar og fjella er rustraude med okergule trekroner. Vi flyg innover i 120 km i timen. Av og til kan det humpe litt når luftstraumar møtast, seier bror min. Eg tenker at det fine med sjøfly er at ein kan lande kor som helst, at ein ikkje er avhengig av rullebane.
Då eg kom tilbake frå Paris dukka det opp stadig nye problem. I symjehallen var det òg hindringar. Å gå opp den glatte trappa til sklia blei plent umuleg. Knea skalv og det blei med den eine rutsjeturen. Også trappa til universitetsbiblioteket var ei utfordring, og det blei ofte til at eg skamfull tok heisa i staden. Kor kom denne skrekken frå?
Bror min kontaktar tårnet igjen. Lima - November - Yankee - Yankee - Mike, seier han og tårnet svarer med godt humør. Eg fangar opp uttrykk som ”four thousand five hundred and below”, og ”appropaching Valle, requesting permission to proceed towards Ålesund via Storfjorden”. Det humpar litt når vi flyg forbi utløpet til Hjørundfjorden, men eg er ikkje redd, eg veit det berre er suget frå fjordgapet som gjer lufta uroleg.
Korfor er eg ikkje redd? Her flyg vi tusen meter over bakken og eg er ikkje redd for å dette ned. Ikkje berre stoler eg på bror min som fører flyet, men eg stoler på at denne vesle, skrøpelege maskina skal halde seg i lufta og at ein redningsvest skal redde meg frå døden viss vi styrtar. Faktisk er eg ikkje redd vi skal styrte, eingong. Eg er langt reddare for å skade meg når eg vaglar meg til på gardintrappa heime for å skifte lyspære i gangen.
Turen varer i ein og ein halv time. Vi har spart det beste til sist. Etter å ha teke føre oss Ålesundsområdet styrer vi utover, vi tek ein runde over Giske og ler litt av dei plutselege granrekkene som rammar inn nabohusa, det slår meg kor god plass det er her ute. Over Lestaskjeret ristar det litt igjen, men eg er framleis ikkje redd. Etter ein sveip over Godøyfjellet, med det store, djupe Alnesvatnet, kvitebårene mot Alnessanden og til slutt ein runde over Valderøya og Vigra, der eit stort fly ventar på å lette, landar vi langsmed Giskestranda. Vi glir forbi nokre måsar som duppar på vasskorpa og taksar inn til småbåthamna igjen.
Mot låveveggen står stillaset far min har brukt når han har mala. Eg ser på det og veit med sikkerheit at opp der vil eg aldri, aldri klatre.
Fredagsspalte i Sunnmørsposten 13.11.2009

Etikettar:
Livet innanfor utanfor overalt,
Reise,
Skriving,
Spalte
Gjensyn med Bjørn Hansen
Dag Solstad har skrive sytten romanar. Dette markerast ved at han gir ut den syttande romanen under tittelen 17. roman. Dette gjer han ikkje fordi han ikkje klarer å finne på ein annan tittel. Faktisk hadde han ein jævla god tittel på romanen, problemet var berre at denne jævla gode tittelen (unnskyld språket, men slik sa han det) lyssette romanen på ein spesiell måte, og det ville ikkje Solstad ha noko av. Nei, romanen skulle ikkje ha ein tittel som sette noko som helst lys på nokon som helst måte. Men om han skulle vere ærleg, og det skulle han jo, kunne alle hans romanar ha heitt Genanse og verdighet, ein jævla god tittel, eller Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, som også er ein jævla god tittel, og som passar like godt på alt han har skrive. Dessverre kan ein berre bruke tittelen ein gong.
Korleis eg veit dette? Jau, eg var ei av dei mange i Wergelandssalen på Litteraturhuset i går kveld, som hadde sikra seg billett for å høyre Aslak Sira Myhre intervjue nettopp Dag Solstad om denne sin 17. roman. På førehand hadde eg lese den førnemnte romanen, men ikkje berre den, eg hadde også lese Ellevte roman, bok atten, som kom i 1992, og som omhandlar den same hovudpersonen, den fhv. kemneren i Kongsberg ved namn Bjørn Hansen.
I Ellevte roman, bok atten tek Bjørn Hansen eit skjebnesvangert val. Han utfører sin heilage plan, si store bedrift, som nok framstår uforståeleg for lesaren, men som Bjørn Hansen ser på som det største han har gjennomført i sitt liv. Dessverre skil denne bedrifta han ubønhøyrleg frå andre menneske, inkludert sin eigen son, og svindelen (som denne bedrifta er), blir uunngåeleg avslørt. I 17. roman møter vi ein avslørt Bjørn Hansen, som lever det Solstad i går kalla eit "uliv". Hansen forstår ikkje lenger korfor han gjorde som han gjorde i Ellevte roman, bok atten, han hugsar berre naudsyntheita av det, gleda ved å gjennomføre det. No lever han eit liv åtskilt frå alle som bryr seg om han, og finn ein dag, nesten 20 år seinare, ut at han igjen skal ta kontakt med sin son Peter og den vesle sonesonen Wiggo. Og så gjer han det. Men finst det høve til forsoning?
Dette er ikkje, for meg, dei beste bøkene Solstad har skrive. Eg forstår ikkje Bjørn Hansen, og har vanskeleg med å godta at det ikkje blir forklart korfor han handlar som han gjer og er som han er.
- Dette er noko kanskje berre eg forstår, seier Solstad, og antydar at Bjørn Hansen og han sjølv kanskje har nokre samanfallande eigenskapar og idear som kan verke ugjennomtrengelege for andre. Som å ikkje våge opne eit brev frå sin eigen son, men ha det liggande, uopna, i årevis.
Det er likevel bøker det er meir verd å lese enn det meste anna av norsk samtidslitteratur. Det er, som alltid, noko der. Noko ugjennomtrengeleg, som fascinerer meg, som rører ved eit eller anna i meg. Eg føler meg høgt oppe på ei Solstad-bølgje. Det einaste eg vil er å lese Genanse og verdighet, og deretter å lese (omigjen) alle andre bøkene han har skrive.

12. november 2009
Døv eller blind?
Sidan eg har ein irriterande sår hals var det vanskeleg å sovne i natt etter at eg hadde lese ut tre fjerdedelar av 17. roman og sløkt lyset. Så då byrja eg å tenke på kva eg helst ville vore: døv eller blind.
Denne øvinga er ein slags "pest- eller kolera", berre at det sjølvsagt er fullt ut leveleg å vere både døv og blind, eg trur ein kan ha like fine liv som dei som er høyrande og sjåande, ein må gjere nokre tilpassingar. Når det er sagt trur eg det er betre å vere fødd døv eller blind enn å plutseleg bli det. Då vil nok tapet kjennest stort, men kven veit.
Eg tenkte altså gjennom kva som ville vore verst for meg, personleg, av å miste hørselen eller synet.
Viss eg mistar hørselen går eg glipp av ting eg set pris på, som musikk som rører meg, lyden av storspoven over markene på Giske om våren og sommaren, lyden av bølgjer i fjøresteinane, måsar som skrik i havgapet, vengedirringa frå ein liten fugl som lettar. Men eg mistar òg alt bråket. P3 og P4, biltrafikk, susinga frå kjøleskapet om natta når eg ikkje får sove, vekkarklokke-tikkinga som blir altfor høg, naboen som tissar i leilegheita over, eller speler Celine Dion kjempehøgt utover heile nabolaget.
Eg kom fram til at eg liker stilla betre enn mørkret.
Viss eg beheld synet kan eg jo framleis nyte lys og fargar, slike ting eg set slik pris på. Nyte synet av vakre menneske og dyr, koselege hus med vindauge som lyser i kvelden, skodda som sig ned frå fjellet, sola som står opp eller går ned, alle desse natursyna som tek frå meg pusten. Og eg kan framleis lese. Eg vil heller lese sjølv enn å høyre på lydbok. Det eg derimot går glipp av i stor grad er humor, og då tenker eg t.d. på film eller tv. Det er ikkje det same å sjå folk bevege seg og munnane, og deretter lese teksten. Mykje av humoren ligg jo i tonefall, i stemmebruk, i måten ein seier ting på, snarare enn det ein seier.
Eg vél altså døv framføre blind. Kva vél du?

11. november 2009
E-bøker
Foto lånt frå dagbladet.no
Eg har aldri forhalde meg aktivt til fenomenet e-bøker. Eg meldte meg tidleg ut av debatten, eller eigentleg aldri inn. Eg har tenkt at det ikkje har noko med meg å gjere, for meg vil alltid papiret alltid vere det rette mediet, eg kjem aldri til å nøye meg med ein liten skjerm når eg kan ha noko handfast av papir mellom hendene, når eg kan bla, fysisk, kjenne lukta av lim og trykksverte, alt det der.
Og eg er jo avhengig. Både av datamaskin, mobil, internett og iPod. Så korfor insistere på at eg aldri vil skaffe meg lesebrett? Plutseleg ein dag sit eg der, på toget, med ein nett liten sak eg har fleire tusen bøker innpå. Men eg synest faktisk det er ein trist tanke.
Eg har aldri forhalde meg aktivt til fenomenet e-bøker. Eg meldte meg tidleg ut av debatten, eller eigentleg aldri inn. Eg har tenkt at det ikkje har noko med meg å gjere, for meg vil alltid papiret alltid vere det rette mediet, eg kjem aldri til å nøye meg med ein liten skjerm når eg kan ha noko handfast av papir mellom hendene, når eg kan bla, fysisk, kjenne lukta av lim og trykksverte, alt det der.
Men no har det seg eingong slik at eg må forhalde meg til fenomenet e-bøker, fordi eg er forfattar og har eit forlag som vil gjere mi første bok tilgjengeleg i digital utgåve. Det store spørsmålet frå sida eg står på i denne saka er sjølvsagt royalty-spørsmålet, som på ingen måte er avklart enno. Forlaga har få utgifter med å gi ut digitale utgåvene, altså bør forfattarane få oppimot 50 % av inntektene, meiner forfattarane. Forlaga meiner naturleg nok noko heilt anna. Men nok om det, dette er ei sak for forfattarklubbar og -foreiningar, og eg håper vi kjem fram til ein avtale alle kan seie seg nøgde med.
Det har seg også slik at eg har ei lang historie med å vere seint ute med ting, for så å plutseleg bli heilt avhengig av det når eg berre får ut fingeren. Mobiltelefonar, datamaskiner, dvd-spelar, internett, iPod, blogg, twitter, Spotify... Eg er kanskje den einaste i landet som enno ikkje har skaffa seg flatskjerm-tv.
Det einaste eg nokosinne har vore raskt ute med var cd-spelar og minidisk. No bruker eg ingen av dei lenger, bortsett frå cd-spelaren viss eg ein sjeldan gong inviterer til fest.Og eg er jo avhengig. Både av datamaskin, mobil, internett og iPod. Så korfor insistere på at eg aldri vil skaffe meg lesebrett? Plutseleg ein dag sit eg der, på toget, med ein nett liten sak eg har fleire tusen bøker innpå. Men eg synest faktisk det er ein trist tanke.
Skriving og ordteljing
Eg merkar meg at folk er med på noko som kallast NaNoWriMo, og som går ut på at ein skal skrive 50 000 ord i løpet av november (noko som skal tilsvare ein halv roman?), og som skal vere ein måte å få skrivinga i gang på for dei store hordar av skrivelystne som finst der ute i den store verda. Eg er sikker på at dette er ein god ting som fungerer motiverande for veldig mange, samtidig som eg ikkje kan unngå å vere litt skeptisk til heile opplegget.
Sjølv er eg ikkje med, og har heller aldri vore det. Eg kjenner ein motvilje mot å presse meg til å skrive eit visst antal ord på eit visst antal dagar. Det ligg ikkje for meg. Det er ikkje slik eg vil arbeide med tekst, for meg er det ikkje dette som skaper god litteratur. Eg er redd eg berre vil skrive mykje dårleg, for å kome opp i det rette antalet ord, og kva er vitsen med det? Då rotar ein seg berre ut på ville vegar og må bruke mykje tid på å stryke og nøste seg fram til det vesentlege og gode igjen etterpå.
Kanskje er ein standardroman på 100 000 ord. Eg forheld meg ikkje til antal ord i det eg skriv, med unnatak av avis-spaltene som ikkje skal overstige 3200 eller 3500 teikn. Eg er meir oppteken av å begrense antal ord enn å auke dei. Kva er vitsen med så mange ord? Kan vi ikkje seie det vi vil seie utan å bruke så mykje plas på det? Det som gjer meg mest skeptisk er den tanken NaNoWriMo nedfell i deltakarane om korleis ein skikkeleg roman er, nærare bestemt kor lang han skal vere.
Til samanlikning var Ingen må vite på noko i underkant av 20 000 ord og det nye manuset er etter siste oppteljing på litt over 18 000. Det kjem aldri til å kome opp i 50 000. Eg kjem til å stryke det ned viss det blir så langt. Dette betyr nok at eg aldri kjem til å skrive ein skikkeleg roman. Men det er heilt ok.
Eg kjenner eg er glad eg ikkje visste om NaNoWriMo då eg var ein strøggling skrivelysten. Eg ville fått prestasjonsangst og aldri fått gitt ut noko som helst.

Ein middels lang post om livet
Eg er heime frå jobb i dag. Det vil seie. Eg er heime utan å vere på jobb. Det går jo ikkje an å vere heime frå jobb, lenger. Det er både veldig fint og veldig rart. Rart å vere heime og sjuk utan å ha dårleg samvit, utan å nære ei hemmeleg glede over dagtid-tv. Mest er det irriterande å bli sjuk. Det er jo så mykje eg skulle gjort. Eg skulle symje saman med ei venninne i dag, eg skulle på kvensk språkkurs i kveld, eg skulle ha lese ørten bøker og skrive noko beånda.
I staden sit eg i sofaen med halsvondt og tungt hovud (men ikkje feber eller vondt i kroppen, altså ikkje influensa) og ser ei lita jente trille den tunge sykkelen sin opp den nokså slakke bakken utanfor. Eg har lese dagens Dagsavis og byrja på Solstads 17. roman som eg fann utanfor døra då eg skulle hente inn avisa. Ein merkeleg måte å levere bokklubbøker på, men Epp er kanskje ikkje som andre bokklubbar? Dei heiter for øvrig ikkje bokklubb lenger, heller, men Litteraturklubb.
Planen for dagen er som følgjer: lese 17. roman, bli frisk (nok) til i morgon slik at eg kan gå på Litteraturhuset og høyre og sjå Dag Solstad, sjå Jessica Fletcher (15.05) og Dynastiet (16.10), ete noko, drikke ein del te, ikkje fryse, ikkje gå ut, ikkje jobbe og ikkje ha dårleg samvit for å ikkje gjere det. Det må vere lov å vere sjuk. Eg er sikker på det er innbakt nokre sjukepengar i arbeidsstipendet.
Viss det er nokon som lurer på korleis framdrifta med manuset går, kan eg seie at eg ventar på respons frå redaktør på manusutkastet eg har sendt han. Eg manglar ein slutt på boka. Helst ein spennande og god slutt. Eg har vore ein del på Nasjonalbiblioteket og lese. Eg les om arkitektur, interiør, kunst, liturgi, minoritetar, tukthus, kultur, Trondheim, reiser i Noreg på 1700-talet, spinnemetodar, karjolar, you name it. I går forsøkte eg endåtil å lese matrikkelen for Københavns universitet frå 1750, men han var på latin, så eg fekk ikkje så mykje ut av det. Angrar no på at eg ikkje studerte latin som eg opphavleg tenkte eg skulle.
Gangen vidare er å sjekke opp endå meir fakta (eg vil helst ikkje bli gjort til narr og teken på dumme feil dersom ein historikar skulle finne på å lese romanen når han ein gong kjem ut), og å kome meg til Universitetsbiblioteket der ein haug med hovudoppgåver ventar på meg. I mellomtida har eg nok av faglitteratur å kose meg med her heime, men eg er jo sjuk, så det får bli Jessica Fletcher i staden.
Eg arbeider også med eit anna manus, men det ligg litt brakk akkurat no. Eg opna det for nokre dagar sidan og skreiv litt, men tida var ikkje inne, eg kom eigentleg ikkje på noko som helst.

10. november 2009
Har du lese mange av desse?
Sidan eg byrjar å bli sjuk og har slikt å gjere, tenkte eg å følgje Dipsolitteratens oppfordring om å lage mi eiga liste over bøker alle burde lese - basert på min eigen subjektive smak og utifrå bøker eg faktiks har lese sjølv. Eg vél berre ei bok av kvar forfattar og lista er i tilfeldig rekkefølgje. Og eg stoppar på femti.
1. To the Lighthouse - Virginia Woolf
2. Morgon og kveld - Jon Fosse
3. Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige - Dag Solstad
4. Renhetens pris - Bergljot Hobæk Haff
5. Et skilt ved korsveien - Iain Pears
6. Jenny - Sigrid Undset
7. Ti små negerbarn - Agatha Christie
8. Anne - Paal-Helge Haugen
9. Dagbok - Tomas Espedal
10. Anne fra Bjørkely-bøkene - Lucy Maud Montgomery
11. Harry Potter-bøkene - J.K. Rowling
12. Mio, min Mio - Astrid Lindgren
13. Jonas - Jens Bjørneboe
14. Den hemmelighetsfulle hagen - Francess Hodgson Burnett
15. Stolthet og fordom - Jane Austen
16. Is-slottet - Tarjei Vesaas
17. Howards End - E.M. Forster
18. Uskyldens tid - Edith Warton
19. Matilda - Roald Dahl
20. Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
21. Ungen - Oskar Braaten
22. Portrett av en dame - Henry James
23. De tre musketerer - Alexandre Dumas
24. Parfymen - Patrick Süskind
25. Skugga-Baldur - Sjón
26. Rosens navn - Umberto Eco
27. Livlegens besøk - P.O. Enquist
28. Humlehonning - Torgny Lindgren
29. Prosessen - Franz Kafka
30. Anna Karenina - Lev Tolstoj
31. Mesteren og Margarita - Michail Bulgakov
32. Tante Pose - Gabriel Scott
33. Lillelord-trilogien - Johan Borgen
34. Ringenes herre - J.R.R. Tolkien
35. Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten - Kjell Askildsen
36. Lasso rundt fru Luna - Agnar Mykle
37. Jane Eyre - Charlotte Brönte
38. Garmanns sommer - Stian Hole
39. Sult - Knut Hamsun
40. Hitchhikers Guide to the Galaxy - Douglas Adams
41. Glassklokken - Sylvia Plath
42. Lost in a Good Book - Jasper Fforde
43. Tilværelsens uutholdelige letthet - Milan Kundera
44. The Grass is Singing - Doris Lessing
45. Gaudy Night - Dorothy L. Sayers
46. Enkelte dikt - Nils-Øivind Haagensen
47. Gjøre godt - Trude Marstein
48. Alfabet - Inger Christensen
49. Ho som ror - Marit Kaldhol
50. Vredens dag - Kurt Aust
Har du lese nokre av desse? Kor mange?

9. november 2009
Bokkassa i gangen

Eg har vore på kjøpesenteret i dag. Mitt nest næraste senter er ganske stort, nokså innhaldsrikt (om det stort sett er ordinære varer ein er ute etter), nokså rotete og labyrintisk og med eit slags B-preg over seg. Dette er ikkje det beste av det beste, det er eit tradisjonelt halvkjedeleg utkant-senter, og det ligg jo også i ein utkant, men det er heilt ok.
Bokhandelen på senteret har eg aldri studert særleg nøye. Men i dag stod det ei stor bokkasse utanfor med nedsette bøker, og eg tok tilfeldigvis ein nærare kik. Den første boka eg fekk auge på var Joakim Kjørsviks debutbok Åpenbart ingen nabo, til 29 kroner. - Oj! tenkte eg. - Her kan eg finne gode kupp.
Den neste som dukka fram var Odd Wilhelm Surén, Adgangstegn, også til 29 kroner, deretter Rønnaug Kleiva, Fangeteneste, Rolf Sagen, Springfart ved fjorden og Ellisiv Lindkvist, Alt jeg skriver er sant, alle til 29 kroner stykket. Eg plukka med meg.
Så dukka ei bok til fram. Aina Basso, Ingen må vite, til 49 kroner. Eg redda henne. Eg har bestemt meg for å redde boka mi om eg finn henne på billegsal. Så kan eg heller gi henne vekk til nokon, om det skulle samle seg opp for mange (ikkje eit problem så langt), i staden for å ta sjansen på at ho kanskje går på dynga viss ingen vil kjøpe henne.
Vigdis Hjorth om å gifte seg
Regisserer det så nøyaktig på forhånd at de når dagen rinner kan framstå udelt lykkelige fra morgen til kveld og godord og godvilje vil strømme over dem som mildt regn i april og risengryn, og de vil, innbiller de seg, bli sett slik de ønsker å bli sett, framstå slik de helst vil framstå nå når de selv har regien på det hele. Og publikum kan ikke bue eller gå, men sitter plantet i sine stoler med et godt tak om glasset med hardt uttenkt hvitvin, tenker Hulda som aldri skal bli gift igjen, det vet hun. Og brudgommen sier bevingede ord og viser fram sin beundringsverdige kjærlighetsevne, det svulmende hjertet bak gullknappene på bunadsbrystet, med selvforelskede tårer i øyekroken, sterkt beveget av sin egen opptreden. Og bruden synes hun fortjener hvert ord og særlig at andre skal høre dem, venner, søsken og onkler; så høyt som han elsker henne, må det være mer ved henne enn de hittil har forstått. Og ikke et øyeblikk forstår dagens hovedpersoner at det ikke fungerer slik, at de forregner seg, at forestillingen ikke virker som forventet, selv om publikum smiler på riktig sted og klapper til slutt. For gjestene tenker utelukkende på egne historier, opplevde, uopplevde, tørker de tårer er det med tanke på seg selv og sine egne lengsler, brudeparets følerier angår dem ikke, i sine stille sinn har de forlengst konkludert med at ekteskapet ikke vil vare.
Frå Tredje person entall av Vigdis Hjort

Refererande refleksjon
Eg har lese Tredje person entall av Vigdis Hjorth, og sidan eg blei så begeistra over Hjulskift var eg førebudd på å ikkje bli like begeistra over denne romanen. Det blei eg ikkje, heller.
Det er fleire problem med romanen, slik eg ser det.
Det første eg vil nemne er at eg rett og slett ikkje synest han er særskilt godt skriven. Det kan sjølvsagt vere eit medvite grep frå Hjorth si side å skrive i ein annan (og etter mi meining dårlegare) stil enn "sin eigen", då teksten gir seg ut for å vere skriven av hovudpersonen, dvs. av ein person bak hovudpersonen, som presenterer ei form av røynda som forklarer den svært dramatiske situasjonen ho (både hovudpersonen og "hovudpersonen") har hamna i.
Eg opplever språket som slapt, stilen som uengasjert refererande, med ein distanse som fører til at eg som lesar ikkje klarer å leve meg inn i teksten. I tillegg er det for detaljrikt, for langsamt, for langt. Det blir kjedeleg. Likevel skumma eg einast éin gong, heilt mot slutten, eg la ikkje frå meg boka, men las henne ferdig, så der er openbert noko positivt her.
Dette ligg i refleksjonsnivået. Vigdis Hjorth er openbert eit svært intelligent menneske. Ho tek ting på kornet og er svært skarpsynt. Hjorth gjer noko så uvanleg og viktig som å nyansere biletet av alkoholisme, og spesifikt ei velutdanna, intelligent, ressursrik, ja endåtil attraktiv kvinne sin alkoholisme.
Når eg les denne boka tenker på alle dei flinke jentene.
Eg byrjar tenke på Nini Stoltenberg, som kanskje heller burde ha reist til ein kibbutz i Israel eller jobbe i ein bar eller kva som helst anna enn å vere så forbaska flink. Eg seier ikkje at det naudsynleg er farleg å vere flink jente. Dei aller færraste flinke folk blir synleg alkoholiserte eller narkomanar. Men kva med mørketala?
Eg seier ikkje at Hjorth gir ei tilfredsstillande forklaring på korfor det går til helvete med nokre av oss, flinke jenter eller ikkje. Men ho gir ei forklaring, ei historie, sjølv om ho er distansert frå lesaren og tidvis vag i sine antydningar.
Vigdis Hjorth får meg til å tenke, og eg liker å tenke. Ein gong i min ungdom dumpa eg ein fin fyr fordi han bad meg om å ikkje tenke så mykje. Ja, og så meinte han Mozart var den største komponisten i verdshistoria, og slikt kan jo som kjent ikkje gå ukommentert.

4. november 2009
Tomas Espedal om skriving
Dagen begynner, jeg drikker kaffe fra termosen og tenner en sigarett. Det kan være at jeg begynner å skrive. Det er ikke så viktig. Det viktigste er at jeg sitter her. Sitter jeg lenge nok, vil jeg før eller senere begynne å skrive, det er uunngåelig. Det går av seg selv, nærmest automatisk, det letteste er å skrive.
Utdrag frå Tomas Espedal: Dagbok.
Jeg arbeider en time eller to. Det er ikke uvanlig at jeg skriver én side. Jeg skriver i en notatbok, retter og stryker og skriver om. Så skriver jeg skissen om igjen på skrivemaskin. Nå retter jeg ved hjelp av korrekturteip, en liten oval, gjennomsiktig plastholder med hvit, tynn teip som akkurat dekker bokstavene i en linje. Jeg stryker ut tre linjer. Jeg må tilstå at jeg elsker det å stryke ut. Jeg vet ikke hva det minner meg om, men det er den samme gleden som barnet oppdager med viskelæret.
Jeg er glad i arbeidsredskapene: teip, penn, notatbok, skrivemaskin, saks og limbånd. Jeg liker å tenke på skrivingen som et håndverk. Jeg tenker med hånden.
Utdrag frå Tomas Espedal: Dagbok.
2. november 2009
GLIMRANDE GLIMMERDAL!
Maria Parr har hatt stor suksess med sine to barnebøker, Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde og Tonje Glimmerdal. Bøkene er selde til det store utland og den siste, Tonje Glimmerdal, er nominert til både Bokhandlerprisen og Brageprisen. Kva er det eigentleg som gjer desse bøkene så populære? Eg har lese Tonje Glimmerdal for å finne det ut på eiga hand. Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdalen og dalens vesle dunder. Ho har raude løvekrøllar og elskar fart og spenning. Hennar beste venn er den gamle grinebitaren Gunnvald og viss ho tek sykkelhjelmen på hovudet kjem raskt Måse-Geir og set seg oppå. Tonje er ikkje redd for nokon ting, unnateke hundar.
Maria Parr har i intervju sagt at hennar litterære førebilete mellom andre er Astrid Lindgren, og ho blir no sjølv omtala som Noregs svar på nettopp Lindgren. Og det forstår eg godt. Tonje Glimmerdal er ei slags forrykande bygde-Pippi med stort mot og stort hjarte, med både "fart og sjølvtillit", som det heiter i Glimmerdalen. Boka er både morosam, spennande og rørande, og eg kjenner at eg må lese Vaffelhjarte, òg. Eg har rett og slett ikkje fått nok av Maria Parr sitt fine univers rett enno. Eg håper det kjem fleire bøker om Tonje Glimmerdal. Dette er eit godt førebilete for både små jenter og gutar, utan å bli verken kvalmande pedagogisk eller moral-preikande, nedslåande eller kjedeleg. Boka har eit fint, morosamt og spenstig språk og fine teikningar.
Les og gi til ungane dykkar! Tilrådast på det sterkaste.
Etikettar:
Barne- og ungdomslitteratur,
Litteratur,
Maria Parr
1. november 2009
Eit førsteutkast
Då kan eg stolt proklamere at eg har sendt inn eit førsteutkast av min forhåpentlegvis neste roman til min kjære redaktør, som har lova å lese og kome med sine betraktningar innan altfor lang tid.
Førsteutkastet har visse manglar, slik førsteutkast på eit tidleg tidspunkt plar ha. Til dømes har eg enno ikkje skrive slutten. Eg trur eg veit korleis det skal gå, men eg er ikkje heilt sikker. Eg trur sluttar har best av å skrivast fram, ikkje planleggast på førehand. Eller?
Nok ein teori eg enno ikkje har hatt høve til å teste ut i praksis i særleg grad.
Manuset har også små og større hol. Nokre stadar får ikkje hendingar den plassen dei treng til å utfalde seg tilstrekkeleg. Andre stadar får dei knapt syne seg på papiret før historia hoppar uelegant vidare til neste korsveg. Brå overgangar er ei anna lyte eg vil trekke fram, i tillegg kan ein knappast kalle språket gjennomarbeidd.
Men dette kjem seg, forhåpentlegvis. Og sjølv om forlaget har sikra seg retten til å utgi boka og eg dermed burde kjenne ein viss tryggleik for det føreståande, merkar eg at eg er nervøs og spent på å høyre kva redaktøren synest om det heile. Er det makkverk eller meisterverk? Eller kanskje helst noko midt i mellom?
No skal eg iallfall ta ei lita pause. Skrive ei ny spalte til Sunnmørsposten, gjere litt meir research og late manuset kvile litt før eg tek vidare fatt.
Puh.
31. oktober 2009
Litt fri
Noko av det fine med å vere sin eigen sjef, er at ein bestemmer sjølv når ein vil ha fri.
Dette førte til at gårsdagen (stort sett) blei ein fridag. Etter å ha skrive nokså intenst nokså lenge, og ikkje eigentleg teke særleg fri når eg tenker meg om, kjennest det som om piffen byrjar gå litt ut. Eg må likevel forsøke å skrive litt til før eg sender førsteutkast til redaktøren min i morgon kveld.
Fridagen i går blei brukt til å drikke kaffi og diskutere interessante tema med ein god venn, til å lese ei biletbok av Kristin Roskifte, Still deg i kø, på biblioteket - veldig søt - og til å plukke med meg eit par nye bøker heim når eg først var der. Eg var eigentleg ute etter den siste boka hennar, men sidan den ikkje var der, blei det i staden Sterk sult, plutselig kvalme av Trude Marstein som blei med heim. Tynn og fin. Eg fekk også med meg den nye barneboka til Maria Parr, som for øvrig er nominert til Bokhandlerprisen som einaste barnebokforfattar for Tonje Glimmerdal.
Eg har snart lese ut Ellevte roman, bok atten, men 17. roman let vente på seg. Kva driv de med, Litteraturklubben Epp?!
I dag får eg belage meg på å skrive litt meir, men først vil eg utnytte dagslys til slikt det er best å gjere når det er lyst: vaske og gå tur. Ha ein god laurdag!
Etikettar:
Lesing,
Livet innanfor utanfor overalt,
Skriving
Abonner på:
Innlegg (Atom)